14. aug. 2024

Ro med fargar




Alle fargane i den botaniske hagen nett no, ein ekte fargeeksplosjon! Me er heldige som bur såpass nær ein slik flott hage, og det har hendt ein del gongar i år at me har stukke bort berre for å sjå på alle blomane og sjå fuglar i buskane. Sitje på ein benk og lese, ta ein liten pause. Balsam for sjela.





La humla suse, for me såg mange av dei rundt blomane. Og fleire bier også, noko me begge blei glade av å sjå. Ein roleg og fredeleg augneblink ute i hagen blant alle fargane.

Legg igjen ein fin tanke