12. aug. 2024

Glamping i Hardanger





Breievne gard i Hardanger, eg trur me begge glatt kunne vore der ein heil dag! Frå sundag til måndag førre veke, overnatta me her i eit stort telt. Teltet har god seng, matte på "golvet" slik at ein kan fint stå der berre me sokkar på, tjukke og varme dyner, stemningsfulle lyslenkjer og alt ein treng for å sove ute ei natt. I videoen rett over, kan du sjå utsikta frå den lille kaféen der me sat og slappa av, og det er også eit klipp av korleis det såg ut om morgonen då me titta ut av teltet.
 







Middagen åt me i Norheimsund, og me var framme på garden litt over sju. Resten av kvelden slappa me av. Prøvde deira heimelaga sider, drakk litt kaffi, las og strikka, og så sat me ei lita stund på berget nede ved fjorden og berre høyrde på ljoden av skvulpinga. Ganske meditativt. 


Frukosten! Det var så mange fargar og så mange smakar, og det aller meste var kortreis, mellom anna rørte bringebær, eplejuice og egg frå høner på garden. Ikkje berre las me ute kvelden før; me las også inne i teltet til lyset av elektriske "stearin"lys før me sovna. Og eg rakk å lese littegrann rett utanfor teltet om morgonen før me åt frukost. Koseleg å helse på både katten og ein av kaninane, og før me køyrde av garde rett før elleve, fekk me auge på ei høne som spankulerte på gardstunet. Treng du ei overnatting i Hardanger, vil eg varmt anbefale denne lille perla rett ved fjorden!

Legg igjen ein fin tanke