9. aug. 2024

Gatelangs i Utrecht





To dagar på jobb, og plusteleg ei lita helg. Vêrmeldinga seier bøttings, så eg tenkjer det blir ein del lesing og kanskje sjå gjennom fleire av bileta frå toguren. Slik som i kveld, for dette er frå vår fyrste heile dag i Utrecht. Hadde ingen stor plan, berre vandra rundt i gatene og såg oss omkring. Eit glimt av kanalen, nyare gatekunst, gamle, flotte bygg og eit kafébesøk utpå ettermiddagen.


 





Bibilioteket er alltid ein kjekk plass å vere. Smilte godt då me stod utanfor bibliotekinngangen, for den var så herleg fargesprakande med artige skilt. Vel inne, var det ein heilt annan stil som møtte oss med ei stor, gammaldags klokke og rund kvelving i taket. Litt meir moderne lengre inn i biblioteket, og eg synest det var koseleg å sjå eit par av bøkene i Heartstopper-serien i ei av utstillingane. Tihi, tok faktisk turen innom også dagen etter for å ta eit lesebilete av meg med den boka (eg kan ikkje påstå at eg skjønte det som stod, den var jo trass alt på nederlansk).




I løpet av dagen, var me innom eit utruleg kult museum, meir om det i eit eiga blogginnlegg. Eigentleg ganske fint å berre tusle rundt og sjå på alt som dukkar opp oppdage ein ny by. Til middag åt me pizza, sidan las me litt og gjorde vel ikkje så veldig mykje meir den kvelden.

Legg igjen ein fin tanke