31. juli 2024

Atlas over fjerne øyer og ein gresk soloppgang


Siste julidag for i år. Som vanleg i feriane, har eg lese mykje, og her er to av bøkene eg nyleg har lese ut. Atlas over fjerne øyer av Judith Schalanksy las eg rett før me drog av garde på togtur. Boka var i mine auge poetisk og fascinerande om aude øyer med ein del fakta og ein god dæsj små og store historier. Kvar sommar les eg ei eller to av bøkene til Mandy Baggot, ofte frå finaste Korfu, mellom anna boka One Greek Sunrise. Me møter fotografen Freya som fyk av garde til øya etter eit kjærleiksbrot. På øya er det også filminnspeling med den kjente filmstjerna Nicholas Kaden, noko Freya eigentleg ikkje bryr seg om – du skjønner kanskje kva som kjem til å skje ;) Eg synest ein kan merke at boka er skrive for ei god stund sidan, med ein annan tittel, for eit par av temaa ville ein nok ha skrive om på ein annan måte, likevel slukte eg boka og heia på dei to hovudpersonan. 

Legg igjen ein fin tanke