15. aug. 2024

Gamle kanal




Oudegracht, eller "gamle kanal" som ein kallar den, går gjennom Utrecht. Då me kjøpte billettane til Museum Speelklok, såg me at me kunne kjøpe ein kombibillett slik at me kunne ta ein båttur på kanalen. Og det gjorde me dagen etterpå. Koseleg å sitje i båten og titte ute, sjå byen frå ein anna vinkel, innimellom prøve å få med oss kva lydopptaket sa om det bygget me akkurat passerte.

Enorm tekanne på eit tak, den fanga i alle fall blikket mitt! Fekk også auge på ein bruktbutikk langs kanalen, og den måtte me jo berre innom etter at båtturen var ferdig. Kanalen ligg lågare enn bykjernen, og me gjekk faktisk ned nokre trappetrinn for å komme til båten. Om kveldane er det mykje liv, for i fleire av kjellarane (i mangel av eit anna ord) ved vatnet, er det restaurantar og barar. Me fekk også auge på Bunk hotell der me budde den eine natta på veg heim frå togtur for to år sidan, artig å sjå. Rett og slett ein koseleg og avslappa måte å sjå andre delar av byen på.

Legg igjen ein fin tanke