18. aug. 2024

Togspel for dei togglade







Skulestart gir travle dagar på jobb: mange kjem innom og skal ha utstyr til eit nytt skuleår. Onsdagen var særskilt travel, i tillegg jobba eg i går, så det har gått i eitt. Min betre halvdel har byrja i ny jobb på ein vidaregåande skule, og også han har hatt dagar som berre har foke av garde. Om eit par veker er me også i gong igjen med orkesterspeling, difor har eg også fått unnagjort eit par økonomiske greier (eg sit jo som kasserar i styret). Før kveldsvaktene, har eg fått lese mykje, noko som gir meg både ro og glede. Bra kveld i går etter jobb, i dag ein roleg sundag. Prøver å lade batteria så godt eg kan etter ei slik jobbhelg. Lita oppsummering før kveldslesing:
 
kose meg med å lese På fremmed jord, den sjette boka i Slough House-serien
sjå Back to the Future og sidan spele "Ticket to Ride" i går kveld etter jobb og laurdagstaco
meg i dag (minus katten): regn ute, kaffi og sundagshygge inne
veldig gøy å lese 84, Charing Cross Road for andre gong (og med eit bilete frå nettopp den gata)
prate med eit par kundar frå England om musikalar, Alton og Cambridge
sukkersøtt med ein bitteliten katt og ein mykje større hund
må berre dele eit bilete av kaktusane i Kew Gardens, den dagen kjem nok i fleire blogginnleg
fekk strikka litt medan me såg film i går, og har elles lese mykje i dag
Wynmouth frå The Secret Seaside Escape høyrest ut som ein finfin plass å vere om sommaren
sukk, alle fargane i den botaniske hagen
grønt er skjønt rundt Mosvatnet, herleg å sykle der på veg til og frå jobb
Jim Broadbent i The Unlikely Pilgrimage of Harold Fry, ein hjartevarm rolleprestasjon
hallo, sjekk ut den kule bokvasen me har fått inn til butikken!
eg får lyst til å besøke Shandy Hall når eg ser videoen frå Miranda
få skryt for god kundeservice
lukta av heimebakt brød
kvardagsglede i å sjå ein liten video eller to med den aller søtaste kattegjengen
ta i bruk eit bruktfiunn den eine dagen på jobb
heimelaga scones er alltid ein sikker vinnar
endå ei bok frå Canada av Carley Fortune: Every Summer After

Legg igjen ein fin tanke