1. aug. 2024

Oslo-Kiel med ferje




Er me plutseleg på veg til Kiel no? Neida, me er hos svigers viss det var uklart, men eg tenkte å fortsetje så smått på neste del av togturen vår. Sidan me bur i Stavanger, og ikkje i Oslo, er det ikkje like enkelt å ta seg nedover kontintenet berre med tog – berre til Oslo er det nesten åtte timar. Me kunne ha tatt båt til Danmark, men gjennom Danmark og Tyskland er det ganske trøkk på toga no om sommaren, så me valde å ta Kielferja frå Oslo. Då slapp me i alle fall å toge gjennom Danmark (og – me veit at slike båtar har store utslepp og dimed litt som å fly, men når ein bur der me bur, må me finne ei mellomløysing, eit kompromiss). Ferja gjekk kl. 14 frå Oslo, så me hadde god tid om morgonen. Vel om bord, blei me overraska, for Kielferja har jo nesten ei lita handlegate, med grelle lys og det heile. Men kasino eller shopping er ikkje det som freistar oss mest, så me ligg for det meste inne på lugaren og les. Fann lugaren vår, og den var nokså fin, lurer på om me fekk ein betre lugar enn det me eigentleg hadde tinga. Ein liten is på soldekket og seinare kvar vår kaffi i kaféen medan me las, var det me gjorde av utflukt ;) Og eg må le litt, for me var nok endå meir keisame på veg heim på laurdag. Til middag var det buffé, og sidan lesing i lugaren. Kielferjetur på vår måte.

Legg igjen ein fin tanke