11. aug. 2024

Miss Marple og ei anna favorittbok




August er godt i gong, og også denne månaden har eg lese ei Christie-bok. Sjølv om det endå var ein månad igjen, berre måtte eg ta med meg augustboka til England i juli: eit av måla var ei krimbokutstilling, og der kan ei nemleg sjå skrivemaskina som sjølvaste Agatha Christie ein gong skreiv på! Så utruleg kult! Okei, tilbake til denne veka. Me starta den i Hardanger, før me kom oss heim utpå måndagsettermiddag. Godt med to heile dagar heime før eg var på plass på jobb torsdag. Og fredag, medan det har vore to rolege dagar no i helga. Bøtta ned ute i går, det var med andre ord ein ordentleg innelesedag; i dag sat me ute på balkongen og las. Reknar med det blir litt meir lesing før me legg oss, eg er i gong med fleire gode bøker for tida, tihi. Andre lista i august:

Miss Marple-boka Invitasjon til mord er ein favoritt og denne månadens Christie-bok
med ei mamma som har vore i stupemiljøet, har eg høyrt denne før, men likevel ei kul historie 
gøy at Noreg tok OL-gull i handball for kvinner 
heimekafé ute på balkongen den siste feriedagen
fredagskjole = fredagsselfie
helse på søte andungar då me var ein svipptur oppe ved Ullandhaug 
"Q&A with Endeavour Star Shaun Evans" – artig å høyre Evans prate om rolla som Morse
få på plass postkorta og dei nya pinsa som eg kjøpte i Nederland og England
knallgod laurdagspizza og kjempekjekk film 
strikke medan me såg på film
å, ny favorittbok: This Summer Will Be Different av Carley Fortune er frå Prince Edward Island!
var no ein del å sjå det fyrste strekket me køyrde på måndag 
hi, hi, denne elefanten har det ordentleg moro
frukost på eit søtt servise måndagsmorgon i Hardanger
sundagsblomar 
og sundagslesing ute på balkongen
endå ei sommarbok av Mandy Baggot, nemleg Under a Greek Sun
Haru er så artig i lag med Bami og Dami
lenge sidan eg las boka, men kjekt å sjå filmen Herr Fikrys litterære liv
slå av ein prat med ein kunde om Yorkshire og Sør-England  
koseleg å lese ut den siste boka om Hollie og Jake: Summer Nights at the Starfish Café

Legg igjen ein fin tanke