2. aug. 2024

Bading i Hundågjølet





Å, for ein badeplass! Hundågjølet dukka plutseleg opp på Instagram for eit par månadar sidan, og sidan det berre er ein liten køyretur frå svigers til Nakkedalen der gjelet ligg, fann me ut at dette måtte me prøve. Drog ut i dag sidan det var passe sommartemperatur. Turen opp til Hundågjølet er ikkje lang, men den er bratt, ikkje merka, og om ein trør feil, kan det vere nokså ekkelt, så her må ein vere forsiktig. Sola skein, me var gode og varme då me kom opp, og sjølv om det var ganske så kaldt i vatnet, var det herleg å hive seg uti. Eit lite fossefall som dett ned langs høge rette, høge kantar og ein liten kulp med reint fjellvatn, sommar på Sunnmøre kan vere ganske så fint!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Dere er goe :)

Silje sa...

Me hadde det heilt supert på den flottaste badeplassen :)

Legg igjen ein fin tanke