2. jan. 2022

Siste rest av jul og sidan inn i eit nytt år


Eigentleg kjenst det som om eg ikkje har gjort noko denne veka anna enn å strikke og lese, verkeleg prøve å setje pris på det å ha ferie når ting er litt kjipt. Men så ser eg på bileta at jøsses, det har blitt spelekveldar, middagslaging med Zalo, puslespel og generell hygge. Byrja på kveldsskiftet på onsdag, var der også torsdag, fri fredag og i går og ein liten tur innom i dag, med andre ord ei ganske kort jobbveke. Nyttårsaftan var som nemnt roleg, berre oss to, utan nokon forventningar. Starta året like roleg med veksle mellom å ha boka og strikketøyet i fanget. Jula er så å seie rydda bort, men eit siste dryss av jul og juleferie kjem no i denne sundagslista, ei liste frå både 2021 og 2022:

✦ julekaker, finfin juleduk og kaffi i eit nesten hundre år gammalt servise
✦ knallgod, heimelaga pasta carbonara og tente lys den aller siste dagen i 2021
✦ la adventsstjerna hengje i vindauget ei lita stund til
✦ "You jingle, you lose" – TwoSetViolon er alltid like artige
✦ Lisa Aisatos illustrasjonar er nokon av dei aller finaste, og eg finn så glede i dette puslespelet
✦ sjå animasjonsfilmen Solan og Ludvig – jul i Flåklypa, likte den godt
✦ stå ei lita stund ute på balkongen og titte på fyrverkeriet
✦ Wilda reflekterar og skriv veldig godt om det at me ikkje kan klare å planleggje alt
✦ få ein flott sjokolade frå ein av vikarane som byttar skift i morgon
✦ lese ei siste julebok
✦ utdrag frå musikalen Matilda på Royal Variety Perfomance 2021
✦ og kulaste Bill Bailey var også med, alt det han finn på!
✦ desemberbuketten inne hos Et katteliv er så stor og nydeleg
✦ Zalo ville også ha krumkake med fromasj, og det skjønner eg godt ;)
✦ blei utfordra på Instagram i #fivefingersstackchallenge, sjå her for mine fem bøker
✦ me laga laurdagspizza heime på Sola i går, og jaggu skulle Zalo vere med på det også
✦ jula er rydda bort, men før eg tok bort pynten, skein sola så fint og flott rett på vegghylla
✦ ete taco, prate og spele "Azul" i lag med eit venepar i starten av veka
✦ litt på etterskot, men her kjem det digitalt julegodt frå Synne
✦ latterkrampe då me spelte "Ryktet går" i lag med familien i går :D
✦ "Bare vent, snart blir jeg majestet" frå Løvenes konge i ein episode av Beat for beat
✦ eg smeltar når eg ser denne minikoalaen!
✦ starte året heilt avslappa med lesing og strikking

Legg igjen ein fin tanke