1. apr. 2019

Vink til ein ny månad v4

Ei ny veke og ein ny månad. Null snø ute i dag, men jaggu meg var det minusgradar då eg sykla til jobb litt over halv sju. På veg heim var det derimot sol og ein skyblå himmel. Ikkje mange endringar å spore mellom mars og april, men graset er no blitt hakket grønare. Og det var eit eller anna løp rundt Mosvatnet som gjorde at det var fleire folk enn der enn då eg tok bileta i mars. Etter fleire timar med vareteljing på jobb, skal eg no setje på roleg musikk og byrje på ei ny bok. God kveld!

Legg igjen ein fin tanke