12. apr. 2019

Stavanger svømmehall i nygammal drakt

Nesten femti år sidan Stavanger svømmehall stod ferdig. No er den nettopp nyopna, og det skjedde då årets skulesvømmestemne gjekk av stabelen i går formiddag. Eg hadde med meg kameraet inn i hallen under stemnet, så her kjem ein liten biletekavalkade. Originalarkitekturen frå 1971 og den kjente betongstilen er fortsatt ein del av bygget, og det er Gert Walther Thuesen og Jacob Grytten som teikna det den gongen. Alt er ikkje hundre prosent på plass enno, men det er ikkje lenge til.


Ordføraren, andre politikarar og pressen var til stades, og etter ein tale, opna bassenget med eit stort plask. For det er slik ein opnar eit svømmebasseng, med eit ordentleg "splæsj" og heiarop.


Og så var stemnet i gong. Mykje lyd, tut og køyr, så eg skal innrømme at eg fekk ikkje med meg kven som vann, men eg trur barna, lærarane og dei som arrangerte sjølve stemnet hadde kontroll og det såg ut som om dei koste seg. Sko overalt i den ytste delen av garderoben, noko som ikkje kom som ei overrasking. Etter kvart var eg med på å dele ut kake, og det var heller inga overraskin at seks slike kaker gjekk unna på ein-to-tre! Blir ei annleis påske for min del i år, for svømmehallen skal vere open for publikum alle dagar. Med andre ord: endå meir tur og køyr! Men det blir godt å komme ordentleg i gong og det er stas at svømmehallen no endeleg er open etter dryge to år med renovering og oppussing. Fredag i dag og ei ny helg er i anmarsj, satsar på at den blir bra!

Legg igjen ein fin tanke