7. apr. 2019

Litt av det eine og litt av det andre den fyrste veka i april

Bursdagshelg, orkesterhelg, ei helg der eg har vore grasenkje. Han har nemleg vore i Trondheim på NM for janitsjarkorps. Skulle så klart ønskje at me kunne ha feira dagen min saman, men slik er det av og til. Korpset han speler i tok andre plass og gruppepris i fyrste divisjon, og speler difor i eliten neste år. Og jaggu meg fekk dei Komponistforeningens heiderspris! Stor stas! På jobb denne veka gjekk dei to fyrste dagane med til å telje varer (gjett om me blei leie etter kvart), og elles har det gått slag i slag med all slags moglege oppgåver. På torsdag opnar hallen og me kjem til å ha opent alle dagar i heile påska. Full trøkk. Helga starta med bursdag og kafébesøk og sidan me skal ha konsert i kveld, har det vore øving med orkesteret i går og det blir ei miniøving før konserten seinare i dag. Dagane før påska kjem til å fyke av garde, men fyrst kjem denne vekas kjekke punktliste:

✦ konsert med orkesteret med Fauré og Schubert på programmet
✦ kult å sjå bilete frå Hopewell Rocks under ein episode av QI
✦ god latte og kjekk prat på Ostehuset med ei veninne etter jobb på fredag
✦ gå ute i finvêret etter orkesterøvinga i går og vere litt meir med ho veninna mi
✦ herlege vinterbilete inne hos Niina, ho er så god på å fange stemninga
✦ fontena i Breiavatnet er på for vår- og sommarsesongen
✦ sykle heim frå jobb på bursdagen min i solskin, nærmare tjue gradar og lukta av grillmat
✦ måtte le då eg høyrde temaet og teksten frå Pokémon Beat for beat
✦ koser meg med bloggen Et katteliv, her med eit innlegg om bruktfunn og eit om førre månad
✦ to bilete av den heilt nydelege soloppgangen eg såg på måndag, den fyrste dagen i april
✦ heimelaga latte og kritikarrost krim: Vuggesang (bra bok sjølv om slutten ikkje nådde heilt opp)
✦ og ein kosekrim, nemleg The Sleeping Lady, som eg las ut på ein dag
✦ "Top 10 Disney Moments That Made Us Ugly Cry" – tenkjer særskilt på dei fyrste minutta av Up
✦ har ikkje smakt på den endå, men fekk grøn bringebærte i ein finfin Mummi-boks til bursdagen
✦ apropos bursdagen: fekk også gåvekort på spa og mange flotte og kjekke helsingar
✦ opptak av "Nessun Dorma" med The Three Tenors – ein heilt eigen klasse
✦ vareteljing, kanskje ikkje like kjekt medan det stod på, men eg diggar jo å skape orden og system
✦ me likte veldig godt Bohemian Rhapsody sjølv om ikkje alt var portrettert riktig
✦ framleis setje av ein del tid til lesing

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Snille Silje <3 Tusen takk for at du nevner og linker til kattelivet ;) Haha, jeg måtte skru av den youtube-videoen om triste Disneyfilmer for jeg klarte ikke å slutte å gråte. Jeg elsker jo WALLE, og To gode venner har jeg grått uendelig mye over siden jeg var liten. Også nevnte du den scenen fra UP. Plutselig så jeg for meg Mufasas død og da ble det bare for mye. Det er hardt å være følelsesmenneske og Disneyelsker på samme tid ;) Jeg er forresten spent på om den Mummiteen er god.

Silje sa...

Veit så altfor godt kva du meiner når du snakkar om å vere ein person med mange kjensler som i tillegg elskar Disney <3 Synest som vanleg det er stas å dele innlegg slik at andre også kan glede seg over dei :) Teen har eg enno ikkje smakt, men eg skal gi beskjed ;) Ønskjer deg ei finfin veke <3

Legg igjen ein fin tanke