5. apr. 2019

Dagen for kake og gåve!

Og så er det plutseleg den dagen av året igjen; i dag har eg nemleg bursdag! Hei, hurra! Laga kake i går, for eg synest det er litt koseleg å kunne ha med på jobb, og det kjem godt me når me skal ha eit langt møte midt på dagen. Kaka har eg lagt nokre gongar før, nemleg denne her frå nettstaden Det søte liv. Skal ikkje sjå bort i frå at eg har delt oppskrifta før, men eg gjer det ein gong til fordi den er enkel å lage og blir like god kvar gong! Ei gåve eller to ventar på meg og det same med eit kafébesøk etter jobben. Resten av helga blir det orkesterøving, for på sundag er det konsert. Så det blir ikkje ei stor feiring, men det går heilt fint. Treng ikkje alltid så mykje for å vere glad og nøgd. Det å ete kake, vere på kafé og spele med orkesteret skal eg ikkje klage på, og så er det i tillegg fredag og helg!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Gratulerer så mye med dagen, Silje! <3 Håper du får ei kjempefin helg og en fin bursdag ^^

Silje sa...

Tusen takk, finaste deg! Ein bra dag til no, og trur det blir kjekt med orkesterspeling i helga! Helgeklem <3

Ida sa...

Gratulerer så mye med dagen du hadde Silje ;) Håper den var kjempefin og at du fikk alt du ønsket deg <3

Silje sa...

Alltid kjekt med bursdag! Tusen takk for fin helsing, Ida <3

Legg igjen ein fin tanke