3. apr. 2019

Kvitt i lufta den siste dagen i mars

Varmt ute i dag, for gradestokken har vist tolv-tretten gradar jamt over. Slik var det ikkje då me gjekk tur på sundag. Joda, sola skein då me gjekk ut, men plutseleg byrja det å snø. Snø på den siste dagen i mars! Isj! Låg ikkje lenge i det heile tatt, så eg skal ikkje klage. Men gurimalla som det blåste og snødde i nokre minutt. Sauen låg der så fredeleg og grisen åt – det såg ikkje ut som om dei brydde seg noko særskilt, tihi. Men eg håper no at me er ferdige med snø for sesongen. Sidan me fyrst var oppe på Ullandhaug, tok me ein tur innom den botaniske hagen. Fortsetjing følgjer.

Legg igjen ein fin tanke