28. apr. 2019

Aprilveke med fridagar, jobb og ei triveleg helg

2. påskedag, ein fridag, tre dagar med kveldsvakt og så ei helg med fine folk. Rett og slett ei veke med både det eine og det andre. No i helga hadde eg som nemnt planar, og det var å vere med på ei utdrikkingslag for ei av mine beste veninner. Kjempekoseleg helg som starta med ein god frukost, deretter turnaktivitetar på hennar gamle ungdomsskule, lunsj på ein kafé og til slutt morosamme aktivitetar og overnatting på ei koseleg hytte ute på Høle. Før kveldsvaktene har eg fått tid til å lese mykje og titta litt på påskekrimmen som framleis ligg ute på NRK Nett-TV. Okei, trur ikkje eg skal sitje her foran skjermen og skrive så mykje meir no i kveld. Avsluttar med desse fine punkta:

den smarte, sexy, herlege boka The Kiss Quotient
✦ utdrikkingslaget for ei god veninne med blant anna mange ballongar og turning i ein gymsal
✦ ser så koseleg og fredeleg ut å kunne overnatte på ein støyl som denne
✦ sitje ute på balkongen andre påskedag med ei god bok i fanget og sola i andletet
✦ sjå to ørn høgte oppe på himmelen då me var på veg ned frå hytta
✦ to kjekke blogginnlegg inne hos Ida: mange bøker i høve Verdas bokdag og fine bruktfunn
✦ kvite blomar på eit tre, både ved ei fotballbane og ved Vannassen
✦ Te Vaka med "We Know The Way" frå Disney-filmen Moana, diggar musikken frå den filmen
✦ bil i solnedgang på Forus
✦ og ein busstur i solnedgang
✦ kjempetøff kontorlampe i ein finfin grøn farge inne hos Synne
✦ hente ny bruktmobil på posten sidan min gamle tok kvelden for to helger sidan
✦ "Sweet April" – flotte stemningsbilete som Niina har tatt i løpet av april
✦ kjekt å endeleg vere i gong med ordentlege skift og rulleringar på jobben
✦ sjå eit par episodar av den britiske krimserien Vera på NRK Nett-TV
✦ elleve utruleg flotte togturar rundt om i verda – så mange gode reiseforslag
✦ orkesterøving med nytt repertoar
✦ alltid slike søte kattungar
✦ og desse fire nusselege geitekillingane
✦ å lese Undsets store gjennombrotsroman Jenny som bokklassikaren i april

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Åh, Jenny .... Jeg kom meg bare et par kapittel inn i den da jeg prøvde meg på den for noen år siden. Tror absolutt det er ei bok verdt å lese. Ser ut som uka di har vært fin! Håper denne uka blir bra også. Og tusen takk for linker! ^^ <3

Silje sa...

Eg prøvde meg på Lavransdatter i fjor, noko som ikkje gjekk så bra. Så innimellom har nok tidspunktet mykje å seie ;) Og berre hyggeleg med tanke på det å dele lenkjer ^^ God måndag <3

Legg igjen ein fin tanke