14. apr. 2019

Full rulle med nyopning av svømmehallen og ei bursdagsfeiring

To høgdepunkt denne veka: opninga av svømmehallen og eit lita bursdagsfeiring for mamma som blir seksti år denne veka som kjem. Dagane har verkeleg berre floge av garde, nesten utan at eg har rokke å henge med. Og som nemnt blir det nok slik dei neste dagane også sidan me skal ha ope for publikumsbading mellom 11 og 17 kvar dag i påska. Samstundes er det kjekt å endeleg vere i gong, og det skal bli godt å få rutinar på plass. Veldig koseleg å feire mamma i går med fine folk, mykje god mat, leikar og quiz. Vêret har vore upåklageleg, og eg har sykla til jobb kvar dag med vakre soloppgangar og herleg fuglesong. Å, våren, eg er glad i deg! Veit ikkje om eg har så mykje meir å fortelje, men ønskjer dykk alle ei fin påske! Måndag er snart her og rett under er ei ny vekesliste:

✦ bursdagsfeiring for besteste mamma
✦ "The 7 most glamorous sleeper trains in Europe" – inspirasjon til neste togferie
✦ sjå Monica og Chandler sitt bryllaup i Friends
✦ få eit påskeegg frå jobben
✦ fascinerande å høyre og sjå programmet Filmmusikkens mestere på NRK Nett-TV
✦ stor ståhei då me opna svømmehallen på torsdag
✦ få mannen min heim måndagsmorgon etter NM for janitsjarkorps i Trondheim førre helg
✦ ein fin golden retriever som møter eit søsken
✦ nok ein gong storkost meg med ei bok av Gerald Durrell, nemleg bok to i Korfu-trilogien
✦ artig å høyre om Agatha Christie, Nova Scotia og Knut Hansum i ein og same QI-episode
✦ å lese meir om "nerdeturen" som Synne og hennar kjæraste var på i fjor, så kul reiseidé
✦ boka Din godhet av Linda Olsson
✦ bringebærteen i den finaste Mummi-boksen, verkeleg ein ny favoritt
✦ denne artikkelen om ei som har kvitta seg med det meste av eingongsplast
✦ fargerike fliser midt i Langgata i Sandnes
✦ å gå på ein ny sti ved Harfsfjord-Gosen-området
✦ offisielle traileren til den nye The Lion King-filmen
✦ tur i Sørmarka i det flotte vårvêret i går, han fine og eg
✦ forslag til 5 gode britiske TV-seriar
✦ vakker solnedgang på Ullandahaug

Legg igjen ein fin tanke