Eg må nesten le litt av vêret i dag, den siste dagen i mars. Me vakna opp til eit lite lag med snø, men før klokka var elleve, skein sola ute og me ville gå ein liten tur. Hadde ikkje gått meir enn ti minutt før det verkeleg byrja å dale ned samstundes som det blåste noko inni granskauen. Fem minutt etterpå varma sola igjen. Ein sundagstur med fire årstider, hi, hi! Også denne veka har det vore full rulle på jobb, til dømes var eg og ein av dei andre ute på handletur i fire timar (!) på tysdag. Fleire hyller er på plass, personalkjøkkenet byrjar å bli ferdig, svømmarar har vore innom på kveldstid og me ansatte prøvde bassenget på fredag før me drog heim. Herleg! Lesegleda er framleis på topp, og eg kjenner det gir meg så mykje når eg kjem heim etter ein travel dag og berre kan slappe av med ei god eller spennande bok. Helga har vore roleg og eg byrjar å bli klar til å ta fatt på ei ny veke på jobben. Og ein ny månad, for "Jeg velger meg april." (B. Bjørnson). Over til sundagslista:
✦ månadens Christie-bok, ei av mine absolutte favorittar: Endless Night
✦ sjå ein kanin rett ved UiS ute på tur i dag
✦ litt lite bilete, men veldig kjekt å hente fotobøkene frå Fotoknudsen på postkontoret
✦ kanskje me skal prøve ein kikertsvariant neste gong me lager vaflar
✦ nydelege blomar på eit tre ved hovudkontoret til Stavanger natur- og idrettsservice
✦ smakte godt med kakao etter den lille sundagsturen vår
✦ bra øving med orkesteret, trur det blir ein bra konsert om ei veke
✦ ein ny vlog inne hos Jonna, for det er kjekt å følgje me på hennar kvardag
✦ klassikaren eg las no i mars var Persuasion (eller Overtalelse) av Jane Austen
✦ gult er alltid kult, her med nuperellesmykket mitt og det kule ullskjørtet
✦ vakker solnedgang over Mosvatnet på veg til jobb
✦ 8 sitat frå den kulaste detektiven – så klart snakkar eg om Hercule Poirot
✦ songen "Kamilla og Sebastian", frå filmen Kamilla og tyven, i fredagens Beat for beat
✦ laurdagstur med bussen til Sandnes for å fikse ei bursdagsgåve
✦ har sett ein del av dei før, men her er 17 forslag til forskjellige romantiske komedie
✦ og ein til om filmar: "30 Irish Films You Need To Watch"
✦ teste bassenget rett før me gjekk heim og tok helg
✦ fugl Føniks høgt i sky, eller ein storslått solnedgang
✦ gjensyn med den finaste og herlegaste filmen Notting Hill, blir ikkje lei den
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Åååå for en herlig søndagsliste ;) Her var det så mye fint, Agatha Christie-bok, Jane Austen-bok, Poirot-sitat, harepus, blomstrende trær, gult skjørt, kakao. OG, Kamilla og tyven - en all time favourite som betyr SÅ mye for meg <3 Dette var koselig lesning. Ønsker deg en fin uke Silje! PS. Tror kanskje du blir å like denne boka http://www.etkatteliv.no/2018/03/26/little-grey-cells/
Fine deg, takk for ein kjempeflott kommentar <3 Og ja, trur eg må sjekke ut den boka ;) Håper du får ei bra veke!
Legg igjen ein fin tanke