21. apr. 2019

Sollyset i påska

Sollyset på veggen i oppgangen vår. Og sollyset ved eit tre rett ved ei av naboblokkene om kvelden på veg heim frå jobb. Eit anna tre med rosa blomar, også det på veg heim frå jobb. Slike tre er like fine kvar vår. Fyrste påskedag er her, og eg har langhelg. I løpet av veka har eg for det meste jobba, men det har også blitt tid til litt påskekrim, quiz og påskeegg (og reknar med det har blitt meir påskekrim og quiz i helga; blogginnlegget er publisert på førehand). Og så klart Påskelabyrinten. Synest det var stas då det i ein av episodane var referert til både Stompa og verdas finaste film Cinema Paradiso. Dette radioprogrammet er ein ordentleg påsketradisjon her i heimen.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så fint! Og det treet da, nydelig!

Silje sa...

For meg er det ein ekstra fin start på dagen når eg syklar forbi slike tre eller andre fine blomar ^^

Legg igjen ein fin tanke