8. apr. 2019

Bøker som gjer inntrykk

Konserten i går blei veldig bra med dyktige solistar og kor i tillegg til orkesteret. Kjekt å samarbeide med andre innimellom. I dag har eg seinvakt på jobb, noko eg kjenner er litt uvant sidan eg dei siste vekene har vore på jobb rett rundt sju om morgonane. Medan eg sit og skriv dette, sit eg med eit smil om munnen, for mannen min kom nettopp heim etter mange timar på toget frå Trondheim til Stavanger (via Oslo). Godt å ha han her hos meg igjen! Ønskjer å starte veka med eit boktips. Eller, kanskje skal eg heller seie eit forfattartips. Heilt på tampen av 2016, las eg La meg synge deg stille sanger av Linda Olsson. Boka er framleis ei av mine favorittar. Så vakker og sår, språket er nydeleg. No har eg også lese ut Din godhet, og eg trur eg kjem til å lese fleire av Olsson sine bøker. Ho fangar ei særskilt stemning med måten ho skriv på. Har du eit boktips eller tre på lur?

Legg igjen ein fin tanke