26. apr. 2019

Kvite og vårlege blomar på eit tre

Før orkesterøvinga på tysdag, gjekk me ein tur rundt Vannassen i tillegg til å gå bort til Kilden etterpå. Ved Vannassen fann eg dette vakre treet som eg berre måtte ta nokre bilete av. Altså, eg har nok sagt det før, men igjen: våren, du er så fin! Dagane på jobb har gått unna i ein fei. Sidan eg har kveldsskift, skulle eg eigentleg ha jobba helg, men i helga har eg planar som blei bestemt ei stund før eg fekk skiftplanen. Difor jobba eg to ekstra dagar i påska, og då seier eg berre "god helg".

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Heldige dere som får oppleve sånne vakre blomstrende trær på våren! De er så fine at de noen ganger får meg til å vurdere å flytte sørover. Hehe, men bare nesten. Jeg skulle ønske vi kunne ha hatt sånne her oppe også. Men vi har jo andre ting, som feks. lyse netter og midnattsola. Så jeg skal ikke bli kravstor nå ;) Håper du har hatt en fin helg Silje. Klem fra meg og Bianco ♥

Silje sa...

Lyse netter og midnattssola, ein skal ikkje klage på det ;) Hi, hi! Helga har vore veldig bra med eit utdrikkingslag for ei god veninne, håper di helg også har vore fin ♥

Susanne sa...

Rett og slett vakkert. Blomstrer også hos oss nå. :)

Silje sa...

Som eg ofte pleier å seie: slike tre er like fine å sjå på kvar einaste vår! :)

Legg igjen ein fin tanke