4. apr. 2019

Glimt av vår i den botaniske hagen

Sjølv om det låg eit bittelite lag med snø i den botaniske hagen, hadde blomane byrja å blomstre då me var der på sundag. Eg veit ikkje namna på halvparten av alle blomane, buskane og trea som er der, men det er no likevel ingen tvil om at dei alle er fine og flotte. Å ein slik hage i nabolaget ♡


Blomar på trea er alltid noko eg set pris på om våren, slike blomstertre og snøklokkene. Sukk. Hagen ligg rett ved universitetet, og i det området bur det nokre ville kaninar. Okei, eg skjønner at dei kanskje ikkje er like glad i å ha ville kaninar rundt i ein botanisk hage, men sjå kor søt den er.


Til slutt byrja me på vegen heim. Gjekk inn på stien i skogen som ligg rett ved hagen, og lyset var så mjukt. Påskeliljene på ei lita eng stod der så gule og kule. Ein slik sundagstur som gir energi.

Legg igjen ein fin tanke