10. apr. 2019

Eventyrhimmel

Travelt! I morgon opnar svømmehallen, og det kjennest som om me alle står på hovudet for at alt skal bli klart. Hei, kor det går! For ei dryg veke, den aller fyrste dagen i april, fekk eg oppleve ein heilt magisk soloppgang då eg sykla til jobb. Den var som tatt ut frå eit eventyr! Skyene var rosa, himmelen blålilla. I eit bygg i sentrum spegla den seg. Å få oppleve ein slik morgonhimmel veg opp for at eg må stå opp halv seks, det er eit syn som gir energi. Lita kvardagsglede, rein kvardagsmagi.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Lykke til med åpningen!

Silje sa...

Takk! Tut og køyr, men det gjekk bra ;)

Legg igjen ein fin tanke