24. apr. 2019

Ti bilete frå ein påskehyttetur

Quiz og Påskelabyrinten. Begge to er tradisjonar hos oss i påska. Quiz er vel alltid noko me drar fram når me er på hytta når eg tenkjer meg om, men radioprogrammet er den eine gongen i året.


Til mammas bursdag fekk ho to ugleknaggar og ein ugleskål av oss i tillegg til eit gåvekort på teateret. Knaggane er allereie på plass på kjøkkenveggen, og eg synest dei er kjempestilige. Fann dei på butikken Godt Gjort midt i byen, ein butikk som blir drifta av elevar ved Bergeland vgs., og det er også dei som lager tinga. Ugleskåla, som akkurat i påska blei gjort om til ein blomsterpotte, fann eg på den alltid fine brukskunstbutikken Siv Andersen Keramikk & Billedkunst.


Så klart spelte me spel om kvelden, denne gongen blei det "UNO" og "Alias". Mykje lått og løye!


Kva er påske utan ein god krim eller to?! Vel, god og god krim, eg veit nemleg ikkje om eg blei heilt overtydd over Gullburet, den nyaste boka til Läckberg. Men då var det bra at Christie-boka The Mysterious Affair at Styles fall i smak. Okei, eg har vel lese den før for ein god del år sidan, og eg har sett episoden med David Suchet nokre gongar på TV-skjermen, men bra er den framleis. Boka er også valet mitt for #readchristie19 i april, og dimed kan eg huke av for "an early work".


Kaffi i hyttekruset og eit lite påskeegg ein morgon etter god hyttefrukost. Om fredagskvelden då me kom opp til hytta, fekk me servert god fruktsalat med litt vaniljesaus. Ordentleg påskekos!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så fin påsken din ser ut til å ha vært! Påskequiz er jo et must, og Påskelabyrinten er alltid morsom å høre på. Hos oss hører vi litt mer sporadisk på sendingene, men er alltid gøy når man veit kor vi ska reis hænn (haha!). Og så Agatha Christie, da. Hun MÅ være med, hver eneste påske.

Silje sa...

Hi, hi, diggar kommentaren om "kor ska vi reis hænn?" :) No les eg jo ei Christie-bok i månaden, en ho har skrive så mange at det uansett vil ta tid å bli lei ;) Så det å lese Poirot eller Miss Marple i påska vil nok for min del lenge vere ein viktig del av påska!

Ida sa...

Så mange koselige bilder Silje. Jeg fikk ordentlig påskestemning av de, og kjente umiddelbart på "hyttefølelsen". Agatha Christie "berger" oss bestandig når annen krim ikke funker, og den fruktsalaten på siste bildet så jo bare helt yummy ut :D

Silje sa...

Sjølv om det blei mykje jobb i påska, fekk me heldigvis ei lita helg på hytta, og det gjorde godt. Ingen påske utan hyttetur! Blir aldri lei av Agatha Christie sine bøker :D

Legg igjen ein fin tanke