23. apr. 2019

På hyttetur med ein pelskledd og ein fjørkledd kompis

Balto, mellomdpuddelen til beste pantertante, var me oss opp på hytta no i påska. Veldig koseleg å treffe Balto og tanta mi igjen. Eg er jo meir kattemenneske enn hundemenneske, men Balto er ein herleg hund med dei skjønnaste krøllane, og det er kanskje inga overrasking at han blir kalla "Krøllebølle" i ny og ne. Lufteturar blei det ein del av, og innimellom stod Balto vakthund og gav oss ein liten beskjed viss det gjekk nokon forbi hytta vår. Takk for besøket, finingar!


Zalo var også med på hyttetur. Trur han var litt ekstra glad då Balto og tanta mi reiste etter frukosten på sundag, for då kunne han endeleg få lufte vingane sine, fly meir fritt. Å lande på eit hovud er framleis ein slager og appelsin likeså. Undulatar skal ikkje ha for mykje av sitrusfruktar, så han fekk berre ein liten smak. Hi, hi! Ein kompis med pels og ein med fjør, begge to like fine.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Åååå så fine disse to pels- og fjærkledde søtingene var ♥ En av pappas kompiser hadde undulater når jeg var lita, og jeg husker hvor koselig det var når de satt på hodet, skuldra eller fingeren ;) Det var veldig eksotisk for en liten jente tidlig på nittitallet. Hehe :D

Silje sa...

Smiler når eg les denne kommentaren! :D For dei er verkeleg fine og det er så artig å lese om ditt barndomsminne ^^ Ønskjer deg ei riktig god veke <3

Legg igjen ein fin tanke