11. apr. 2019
Bringebærte i den finaste teboksen
Lurer på om eg har funne endå ein ny favoritte. Til bursdagen fekk eg denne teen frå Teministeriet: ein grøn bringebærte. Bringebær er jo favoritten når me snakkar om bærtypar, så mannen min kjenner meg godt ;) Teen er verkeleg god, verken for søt eller bitter, akkurat passe rund og mild. Og at teen kjem i ein boks med Mummi-motiv gjer det heile endå betre! Tut og køyr tidlegare i dag, men nyopninga av svømmehallen gjekk bra. Sit her og slappar av med teen og ei god bok no i kveld. Snart langhelg og bursdagsfeiring, for på laurdag skal me feire mamma som blir seksti år. Hurra!
Merkelapp
bøker,
kvardag,
mat og drikke
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke