Formasjonane blir også kalla Flowerpot Rocks eller berre The Rocks. Området ligg ute langs kysten ved Bay of Fundy i New Brunswick, same provinsen som Moncton. Tenk at det er vatnet som har gjort at steinane er slik dei er, heilt smale nedst, nokre med svære hol i, tvers gjennom. Å gå langt ut, titte på alle dei små steinane i sanden, sjå utover horisonten. Bli endå meir fascinert over synet av dei spesielle formasjonane. Litt av eit syn. Berre sjå og sjå. Naturens under.Lurer på kor lenge steinane kjem til å stå, for nokre av dei byrjar å bli svært smale heilt nedst der vatnet eroderer kvar gong det er flo. Den mosegrøne tangen som ligg som eit teppe og alle småsteinane som ein kan sjå om ein går tett nok på dei store steinane, tett nok inntil fjellveggen. For nokre av dei er så store at dei i mine auge liknar meir på ein fjellvegg. Og på det siste biletet – ser du dinosaurhovudet, slik me gjorde då me var der?! Bileta frå høgvatnet kjem om litt.











Legg igjen ein fin tanke