22. aug. 2018

Vakker himmel og fine dyr i nærområdet vårt

Fysj, i dag har det verkeleg vore grått og trist ute. Ikkje sånn "å, så koseleg med litt regn slik at eg kan sitje inne og lese medan eg høyrer på regnet", men meir sånn "skal det aldri slutte å plaske ned sidelengs?!". Når ein i tillegg nesten ikkje kjem seg heim frå jobb med bussen på grunn av bompengeaksjon, vel, då er det nok. Okei, nok sutring. Det har elles vore ein bra dag med mykje nytt på jobb, for i dag var fyrste heile dag med nytt biblioteksystem. Mykje å lære og mange spørsmål frå kundane, men det kjem til å bli bra. Noko som i alle fall var veldig bra, var vêret på sundag. Himmelen var lyseblå med nokre kvite skydottar, temperaturen var akkurat passe. Gjekk opp den brattaste bakken, opp mot Ullandhaugtårnet og garden som ligg rett nedanfor tårnet.



Måtte helse på dyra oppe ved garden. Både sauane og grisane var ute og dei ville alle bli klappa. Så koseleg å sjå at dei med glede kjem bort for å få kontakt, det er tydeleg at dei er vande med folk. Og grisane som lager dei kulaste lydane. Tihi! Legg ved ein liten video slik som førre gongen, for eg synest det er gøy å variere litt her på bloggen med nokre videosnuttar innimellom.

Legg igjen ein fin tanke