Kvardagen er i full gong igjen, men det gjer eigentleg ingenting. For det er på ein måte godt å komme tilbake til jobb og rutinar igjen. Dagane på jobb har vore kjekke med mykje variert å gjere, eg var i ein 30-årsdag i går, gått ein herleg sundagstur i dag og elles har eg fått lese litt innimellom. Har også komme eit lite stykke vidare når det gjeld å plukke ut bilete frå Canada-turen som sidan skal bli til ei fotobok. På fredag var eg aleine heime på kvelden sidan han var ute på middag med jobben, og då berre slappa eg av, såg litt på Friends og Downton Abbey. Ei frihelg utan dei heilt store planane, og det er slikt me kan like, særskilt når det blir jobb dei to neste laurdagane. No er det snart sengetid og ei ny veke, så denne vekas oppsummering kan de lese rett under:
✦ sjeldan det skjer, men både mannen min og eg las debutromanen til Hellum (og likte den)
✦ små geiter som besøker andre dyr
✦ sitje ute på balkongen med bok og lyslykt ein kveld tidleg denne veka
✦ for nokre flotte og magiske Harry Potter-illustrasjonar
✦ vakker gatekunst på ein knallraud vegg midt i byen vår
✦ når Emily legg ut slike bilete, ønskjer eg å dra til Disneyland Paris med det same
✦ Mummi-koppane som etter kvart skal bli med oss ut på tur og så klart Mummi-magneten
✦ kanskje ikkje for alle, men likte den svarte komedien Three Billboards Outside Ebbing, Missouri
✦ kult fotografitips berre med eit vanleg kamera og ein mobiltelefon
✦ var ikkje vanskeleg å sjå at eg var på rett plass då eg skulle i selskap i går, for sjekk ut flamingoen
✦ sundagsmiddag heime på sola med mamma, pappa, broren min og Zalo
✦ piggsvin er innmari søte dyr
✦ kort, men god sundagstur opp til Ullandhaug i akkurat passe seinsommarvêr
✦ ete ei skive med heimelaga syltetøy på heimelaga brød ute på balkongen etter jobb
✦ søte og herlege illustrasjonar av Cecilie Sørgård, blant anna denne koalaen
✦ så kult pynta inne i lokalet der bursdagsfeiringa i går gjekk føre seg
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Jeg synes også det var godt å komme tilbake til litt hverdag og rutiner igjen. Nå blir det ikke heeelt det samme for min del siden jeg er i permisjon enda, men det blir vel litt mer hverdag etter hvert. Høres ut som du har hatt en fin uke! Og det er jo ikke ille å bruke noen kvelder på å se Friends ^^
Veit eg er treig, men det er fyrst no er har byrja å sjå "Friend". Er jo framleis ein artig serie :) Ei hektisk veke no med oppdatering til nytt biblioteksystem og helgevakt, men er som sagt kjekt å vere i gong igjen også. Og litt kult når det skjer ting på jobb, at dagane er nokonlunde varierte. No er det nok senga her ;)
Legg igjen ein fin tanke