27. aug. 2018

Måndag og litt meir om heimturen frå nord-vest til sør-vest

Hei, hei! Har måndagen din vore bra? Den har det for min del sjølv om eg måtte sykle med fullt regntøy og takle fleire utfordringar i samband med det nye biblioteksystemet. Vel, eg har framleis ein del å vise frå siste del av bilturen vår tidleg denne månaden (tenk, august er jo snart over). På veg frå Sjøholt til Stavanger (med ei overnatting i Flåm), stoppa me ved ei gammal bru for å strekke på beina og for å lese kart. Bok er viktig også når ein sit i bilen og ved ei ferjekai såg eg plutseleg "Russ 88" på fjellveggen. Er ikkje sikkert at inskripsjonen er så gammal, men litt artig å sjå likevel.


Både mamma og pappa og eit venepar av oss hadde tidlegare i sommar vore innom Loen Skylift, ei gondolbane som opna i fjor. Loen ligg i Nordfjord i Stryn kommune. Ut frå det dei hadde fortalt oss, var det ei kanonkul oppleving, så me ville også prøve. Men då me nærma oss Loen, låg tåka tjukk oppe på fjellet, og me køyrde forbi. Likevel klarte me ikkje å leggje frå oss tanken heilt og me merka at tåka var litt fram og tilbake, med andre ord ikkje så ille som frykta. Difor snudde me; var heldigvis ikkje komme så langt unna parkeringa ved gondolen. Kjøpte billettar og venta på at den eine av to vognar skulle komme ned frå fjellet. Medan me stod der og venta, titta me opp, så bratt og høgt, kjente det kitla i magen. Kva var det me hadde "rota" oss borti no?! Fortsetjing følgjer.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa - La Mar sa...

Åh, jeg er så gira på å reise masse i Norge! Dette var et godt tips!

Silje sa...

Er så mykje bra å sjå her i landet vårt, så gjer det! :D Fleire bilete frå Loen kjem om litt ;)

Legg igjen ein fin tanke