11. aug. 2018

Åsgårdstrand og Drøbak – to nydelege sommarplassar

Berre for å ha sagt det: Åsgårdstrand og Drøbak er nok fine om vinteren også, det er ikkje det. Men då me besøkte desse to plassane førre helg, var sola framme heile vegen og gjorde sitt for at me fekk oppleve sommarparadis på Austlandet. Frå fredag til lørdag overnatta me hos tanta og onkelen min. Ingen store planar Me traska littegrann nede ved hamna i Åsgårdstrand. Titta på båtane som låg til kai, såg ein rosa flamingo (okei, ikkje ein ekte ein) og gjekk forbi Munchs hus. På kvelden åt me god mat, prata mykje og hadde det veldig hyggeleg. Dagen etterpå skulle me tilbake til familien på Langhus, og som dagen før, tok me Bastøferja. Knallblå himmel og lite sjø gav ein bra og flott overfart. Tok jo mykje Bastøferja då eg var lita, så det dukka opp nokre fine barndomsminne.


På sundagen drog han, eg og svogerfamilien ein tur ut til Drøbak. Det var bra vêr og ungane ville bade. Me andre sola oss; merkar at det skal meir til no enn før for at eg hoppar ut i sjøen (liker i tillegg betre ferskvatn enn saltvatn). Før me kom til stranda, gjekk me gjennom byen, og sjølv om eg ikkje var inne på biblioteket, måtte eg ta bilete av skiltet. Så herleg, akkurat passe gammaldags. Fin badeplass, det blei ikkje berre bading og soling: eg fekk synt dei minste korleis ein kan finne perler i blåskjel. Stor stas! Etter kvart var det på tide å dra tilbake, og då såg eg store hus og små hus, det eine meir fargerikt enn det andre. Det lille, raude huset på det siste biletet er nok min favoritt. Og den guloransje, kule bilen! Ein kjekk dag i ein flott by saman med familie.

Legg igjen ein fin tanke