9. aug. 2018

Bokbyen ved Skagerrak 📚

Dagane går fort, og det er akkurat ei veke sidan me starta på vår lille bilferie. Me koser oss og slappar av på Sunnmøre. Koste oss gjorde me også førre torsdag i Bokbyen ved Skagerrak. Etter å ha køyrt ned frå fjellet, gjennom Setesdalen, ned til Evje og Arendal, køyrde me vidare til me kom til Tvedestrand. Små, kvite hus, akkurat passe sørlandsk. Gjestehamna låg der så fin med små båtar og eit flagg som vaia i vinden. Smale, trange gater, fargerike vimplar og like fargerike butikkar.


Før me byrja på sjølve boktittinga, måtte me ha middag. Fann ein liten og koseleg kafé der me tinga vegetarmoussaka. Maten var veldig god og det var akkurat passe vêr til å sitje ute og ete. Feriehygge de luxe! Medan me venta på maten, fann eg eit lite rom med stolar, kunst på veggen og eit lite utval bøker, blant anna L.M. Montgomery si bok Emily på Månegården. Artig! Titta også litt på alle dei gamle tinga inne på Forvaltergården. For slike detaljar er alltid ein fryd for auget!


Og så til alle bøkene. Utruleg nok blei det ikkje noko kjøp på oss, men slik er det kanskje når ein jobbar på eit bibliotek; ein har det meste ein treng der. Men det var no uansett veldig gøy, for det er noko med lukta inne på antikvariat, lukta av gamle bøker. Bøker som stod inntil veggen rett ved ei vindeltrapp, bøker ute der ein kunne betale i eit nøkkelhol ("Smutthullet" kalla dei utsalet). Ein ammal skrivemaskin og ein gammal Macintosh blant alle bøkene. Eit einaste stort smil!

Legg igjen ein fin tanke