3. aug. 2018

Nøkkeroser

Rosa vassliljer i Vannassen. Eller nøkkeroser om ein vil. Den eine boka i serien om Guro, skriven av Anne-Cath. Vestly, heiter Guro og nøkkerosene. Hugsar at eg syntest det var litt rart at akkurat denne blomen har to såpass forskjellige namn. Alt ein plutseleg går rundt og tenkjer på. Men uansett kva ein kallar dei, så er dei vakre. På sundag gjekk me ein rask tur rundt Vannassen, men me tok oss likevel tid til å stoppe opp og beundre det fine synet av desse rosa blomane, tett i tett med dei store, grøne blada. Berre ei lita fredagshelsing, denne gongen frå Austlandet.

Legg igjen ein fin tanke