13. aug. 2018

Mummidalen på Hadeland Glassverk

Mummidalen, Mummitrollet og alle vennane hans. Eg har fyrst og fremst sett karakterane og dalen på TV då eg var lita, og har vel ikkje eigentleg eit stort forhold til Tove Janssons bøker. Likevel er det jo noko med Mummitrollet og eg kan framleis hugse kor skummel Hattifnattane og Hufsa var (og er). Trollvinter, Sommerboken og Pappaen og havet er alle bøker som står på "skal-lese-lista" og endå meir no etter å ha vore på Hadeland Glassverk. Måndag for akkurat ei veke sidan køyrde me frå aust over fjellet til nordvest, og då stakk me innom glasverket. Der har dei akkurat no ei interaktiv utsilling kalla "En reise i Mummidalen". Kjempefin utstilling der ein guide tar deg med frå rom til rom med lyd og bilete og ein får vite meir om Mummitrollet og om Tove Jansson. Interessant og veldig bra lagt opp. Er ikkje lov til å ta bilete inne på utstillinga, men det blei no eit par utanfor og også i Mummibutikken (joda, kommersielt er det når ein får alt frå slikepottar til små leikefigurar, men dei klassiske Mummikoppane i keramikk eller emalje er no fine uansett).


Altså, dei glaslampene i taket, så vakre alle saman! Kunne godt hatt ei slik samling hengjande i taket her heime. Kanskje ikkje fullt så mange, men eit par-tre stykk hadde vel gått an. I samband med Mummi-utstillinga, er den eine kaféen no blitt ein liten Mummi-kafé. Måtte jo innom for å ta ein kopp med kaffi kvar og ein vaffel ved sidan av. Kult, flott og genialt med slike fine biehotell. Og det blei eit lite bilete inne på toalettet, for på veggen blei eg møtt av denne lille, søte fyren.


Området på Hadeland Glassverk er ganske stort med fleire utsal, kafé, bakeri og galleri (der utstillinga er no). Flotte bygg, kanskje ikkje det i mur, men dei andre kvite og raude, som på eit gardstun. Apropos gard: dei har også nokre dyr som ein kan klappe, til dømes sauer og hestar. Nokon ville ri på hestane, og det fekk dei lov til. Veit eg har vore på glasverket ein gong tidlegare, men eg kjem gjerne tilbake endå ein gong viss me plutseleg køyrer forbi. Kanskje må eg då lage meg eit eiga glas som eg kan ta med heim? For det kan ein visst gjere der, som ein ekte glasblåsar.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Oooh, det hørtes ut som en spennende og fin utstilling! Bøkene til Tove Jansson anbefales virkelig, jeg har langt i fra lest alle, men de jeg har lest liker jeg godt. Både bøkene for barn og de som er mer voksenbøker. Men - hvordan unngår man å kjøpe hele butikken???

Silje sa...

Hi, hi, måtte le litt av det siste du skreiv! ;) Eg hadde lyst på både kaffi- og teboksen, koppar og kar, eg skjønner godt kva du meiner. Kjenner jo likevel at det er noko med å finne ein eller tre ting som ein faktisk kan bruke og i tillegg har bruk for ;) Eg las nettopp ut "En farlig midtsommer", og kjem nok til å lese ein del av dei andre bøkene også. Janssons skrivestil er unik ^^

Ragnhild sa...

Eg har jo høyrt om Hadeland Glassverk, men at dei hadde slike utstillingar visste eg ikkje! Skulle gjerne fått med meg den Mummi-utstillinga, altso. Og einig: dei glaslampane var utruleg flotte!

Silje sa...

Reknar med at utstillingane varierer sidan Mummi-utstillinga berre går for ein viss periode. Men den var aboslutt verdt turen! I tillegg så er det ein fin plass, som eit gardstun, der ein kan finne flotte gåver til bursdag og jul :)

Legg igjen ein fin tanke