6. aug. 2018

Fargespel rett over naboblokka

For nesten ei veke sidan, nærmare bestemt den aller siste kvelden i juli, såg himmelen over naboblokka vår slik ut. Stod ute på balkongen og berre titta opp. Solnedgangar og -oppgangar, eg blir aldri lei. Vakkert og like magisk kvar einaste gong! Akkurat no er me nok midt oppe på fjellet ein plass, og i løpet av kvelden er me på plass på Sunnmøre. Vêrmeldinga dei neste dagane er ikkje den beste, men me tar det som det kjem. Og om ikkje anna, så blir det mykje tid til lesing ;)

Legg igjen ein fin tanke