7. aug. 2018

Over fjellet frå vest til aust

Hei, hei frå Sunnmøre. Kom fram klokka ni i går kveld etter mange timar på vegen. I dag har me gått opp på ein fjelltopp og elles tatt livet med ro. Me har ikkje dei store planane for veka,  noko som eigentleg er heilt greitt. Eg skal innrømme at det gjer godt å ha ein slik ferie òg, ein slik ferie der ein ikkje nødvendigvis treng å gjere noko heile vegen. Som nemnt så ligg eg litt på etterskot med bileta, men det får så vere. Ingen hast, er det vel?! Då me køyrde frå vest til aust på torsdag, trefte me mange sauar på vegen. Nokon av dei låg bokstaveleg talt midt i vegen, og sidan det ikkje hjalp å tute på dei, måtte me køyre rundt dei. Fine er dei no likevel. Norsk natur er fint omtrent uansett kor ein er. Til og med svingete vegar kan vere okei når landskapet rundt er høge fjell og dalar. I nokre av vatna langs vegen var vasstanden lav, men håper jo at det kjem seg no når det verste varmen er over. Å vere på biltur med min betre halvdel er ein finfin måte å feriere på.

Legg igjen ein fin tanke