29. aug. 2018

Loen Skylift

Og så bar det oppover. Sjølve turen opp var ikkje så ille som frykta – eg hadde nemleg ein idé om at vogna kom til å gynge meir, at eg kom til å få ei kjensle av sjøsjuke. Det var eigentleg berre kult! På veg opp låg det framleis nokre dottar med tåke, men vel oppe fekk me no sjå litt av utsikta i alle fall.


Ei lita stund var me verkeleg dypt inne i tåkeheimen, for når ein sit på benken, kan ein til vanleg sjå utsikta ned til vatnet, sjå dei høge fjella rett fram. No var det berre grått i grått. Men det var ei oppleving det også, å vite at ein stod høgt der oppe, langt oppe på fjellet, utan å sjå noko særskilt meir enn grått. Omringa av tåke. Ikkje så enkelt å ta bilete inne i vogna, men ein får kanskje likevel eit inntrykk av kor bratt det er. Og så den eine vogna på veg opp over fjellkanten.


Utsikta er slåande, for me fekk sjå den utan all tåka etter kvart. Det var skikkelig tøft å stå ute på platået og berre stirre utover. Blågrønt vatn, vestlandske fjell, den norske naturen. Magisk!


Når ein er oppe på Hoven, er det visstnok mange turmoglegheitar. Ein kan til og med klatre opp i staden for å ta gondolen, dei kallar det Via Ferrata Loen (i lag med noko som kan rettleie og guide så klart). Såg at nokon hadde sett opp ein lavo, og hadde me hatt betre tid eller visst dette finfine turterrenget på førehand, trur eg nok me hadde tatt på oss fjellskoa og tatt oss ein tur i området. Me må rett og slett setje av ei heil veke til slike opplevingar og turar neste gong ;)


Veit ikkje kor lenge me var oppe på fjellet i Loen, men til slutt tok me gondolen ned og fortsette på bilturen i retning Flåm. Eg er klar over at eg har sagt det mange gongar, men sukk, Noreg er flott. Å køyre langs små vatn eller eit stort vatn, fell og dalar, bak ein traktor med ei ku i bagasjen. Tihi. Sidan det var tre år sidan førre gong me køyrde gjennom Lærdalstunnelen, var det heilt greitt å køyre den no. For eg synest den er lang og keisam, men så klart – den gjer vegen kortare og dei tre lyshallane er jo litt stilige. Nokre flotte fotoobjekt er dei i alle fall. Kom fram til Flåm i seks-tida.

Legg igjen ein fin tanke