14. aug. 2018

Emaljekoppar til turar og ein vakker magnet

Når me snakkar om Mummi: fann dei perfekte turkoppane av emalje, så klart på Hadeland Glassverk. Dei hadde fleire forskjellige storleikar, og me valde to som er middels store. Snorkfrøken i fokus på den eine koppen og Lille My på den andre. Gleder meg til å ha med desse på tur, kose oss med kaffi eller kakao på ein benk i ein skog (desse emaljekoppane er det finske Muurla som har laga medan dei vanlege koppane er laga av Arabia). Og klarte ikkje å la vere å ta med meg denne magneten med det finaste motivet på. Luftballong, høge fjell og flotte fargar. Illustrasjonen er henta frå Tove Janssons bok Den farlige reisen. No heng den på kjøleskapet der me kan sjå den kvar dag.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Magneten var så fin! Koppene er fine også, greit med noen kopper som tåler å bli med på tur ^^

Silje sa...

Fall veldig for magneten! Me har eigentleg nok på kjøleskapet allereie, men denne måtte berre bli med heim ^^ Gleder meg til å ta i bruk koppane på tur, akkurat passe store og med flotte motiv :) God helg, fine deg <3

Legg igjen ein fin tanke