5. aug. 2018
Godt og blanda den fyrste sundagen i august
Prioriterer ikkje sundagsliste i dag, for no er me på ferie. Me reiste av garde med leigebil på torsdag, og i helga har me besøkt svoger med familie og vore ein tur innom Åsgårdstrand for å besøke ei tante og onkel. Kjempekoseleg å få treffe dei alle saman! På turen hit til Austlandet var me innom Bokbyen ved Skagerrak (Tvedestrand). Klarte å la vere å kjøpe bøker, men stas å likevel gå rundt og sjå, kjenne lukta av gamle bøker. På tysdag hadde me broren min på middagsbesøk og det blei også tid til å spele litt "Ticket to Ride: Europe". Me har spelt fotball og "Yatzy" med ungane, og i dag var me ein tur innom Drøbak for soling og bading. Flotte dagar! I morgon går ferda vidare over fjellet til Sunnmøre. Og om nokon lurer: joda, eg har også lese gode bøker. Det islandske landskapet i boka Gildra og den sjuande boka om Anne Shirley, nemleg Rainbow Valley. Eg hadde den også med til Canada der eg tok bilete av den foran Green Gables-huset. Sukk. Dit ønskjer eg meg tilbake. Ein dag. Godt og blanda denne sundagen. Bilete frå Tvedestrand og helga her på Austlandet kjem etter kvart. Ville berre seie god natt og håper måndagen og den nye veka blir bra!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Håper dere koser dere på tur!
Skal ikkje klage, me har det rett og slett veldig fint! Koser oss no på Sunnmøre heime hos svigers :)
Legg igjen ein fin tanke