12. aug. 2018

Austlandet og Vestlandet – ei veke på bilferie

Veka starta på Langhus og enda opp i Stavanger no nettopp. Me har fått oppleve litt av kvart samstundes som me har fått slappe av og tatt det ganske med ro. Feriemodus, eit roleg tempo. Flott natur her på Sunnmøre, ingen tvil om det. Kjekt å stoppe innom Hadeland Glassverk for å få med oss den interaktive utstilling "En reise i Mummidalen", tid til lesing og ro til å senke skuldrene. Som alltid blei det også ein tur ut til Devoldfabrikken i Langevåg og eit stopp på bruktbutikken Kyrkjetorget. I helga har me vore i Flåm, og på vegen heim i dag, tok me Ryfylkevegen om Suldal og Hjelmeland, ein av dei nasjonale turistvegane. Lengre tur, men så mykje flott natur å sjå. Jobb i morgon, og etter ein lang dag med mykje køyring, blir det nok snart senga. Litt etter litt vil det nok også komme nokre bilete her frå vår lille Noregsferie, men akkurat no er det sundagslista:

✦ køyre over fjellet frå aust til vest og sjå dei høge fjella i Møre og Romsdal
✦ ta gondolen Loen skylift på veg til Flåm i går – for ei heftig oppleving
✦ og også veldig kult å ta Flåmsbana i dag tidleg før me byrja å køyre heim
✦ fem søte små kattungar som kjem til deira nye fosterheim
✦ Mummi og anna fint på Hadeland Glassverk
✦ at han Jeremias gjerne ville bli klappa, for det er ikkje alltid at me er bestisar
✦ du veit du er på landet når du må ut for å jage sauar
✦ Monica og Chandler, altså
✦ frukost med utsikt
✦ for nokre nydelege glaslamper på glassverket
✦ lese bok med ein kopp kaffi og noko smått attåt, det er jo trass alt ferie ;)
✦ all den flotte naturen langs norske vegar
✦ Julianne kjem med gode tips til korleis å komme i gong med å leve med færre ting
✦ alt det spennande på bruktbutikken på Kyrkjetorget og på antikkbutikken Trankokeriet
✦ lunsj på Tante Bruun, vår stamkafé i Ålesund
✦ topptur til Verahornet i akkurat passe sommartemperatur, og for ei utsikt!

Legg igjen ein fin tanke