Ingenting slår heimelaga syltetøy på ei skive med heimebakt brød. Hos svigers var me nemleg ute ein liten tur for å plukke rips og bringebær, og etterpå blei det til syltetøy. I tillegg er den fine krukka arvegods frå svigermor. Små gleder i kvardagen. Sola skin, fredag er her, det er helg.
4 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Nam! Eg er av dei som nesten aldri et sylte, men om eg har eit glas med heimelaga sylte, so forsvinn innhaldet temmeleg fort.
Alt som er heimelaga, smaker jo litt ekstra godt! :D Dette syltetøyet er ikkje noko unntak ;)
Hjemmelaget syltetøy er det beste syltetøyet, spør du meg!
Der er eg heilt einig, Ida! Ingen tvil om det ;)
Legg igjen ein fin tanke