23. aug. 2018

Beste kaféen på Sunnmøre

Torsdagsfri sidan eg skal ha vakt i helga. Slappar av med ei bok og kaffi og tar eit tilbakeblikk på torsdag for to veker sidan. Mellom turen til Langevåg og kaffi på Trankokeriet Antikk, blei det som nemnt lunsj og eit kakestykke på stamkaféen vår når me er på Sunnmøre, nemleg hos Tante Bruun. God mat, herleg atmosfære og ikkje minst diggar eg møblane, lampene og dei andre små (og store) detaljane. Som skjenken, den gamle kofferten, lysekrona og dei retrogule glasa saman med dei vanlege. Ingen løyndom at eg liker møblar frå sekstitalet og generelt loppis og gjenbruk.


Blings, aka brødskive, med tomat, avokado, mozzarella, salat og balsamicoeddik. Veldig god! Før me bestemte oss for å dele eit kakestykke, gjekk eg litt rundt og titta på resten av kaféen. Kunne neste ha budd der: den gamle sofaen i rokokkostil, den turkise sofaen med rutete mønster, fargekombinasjonane. Prøver å få til eit besøk der kvar gong me er der; ikkje alltid det går, men som oftast går det. Koseleg å ha ein slik plass å komme tilbake til, gong etter gong, år etter år.


Kaka var også god, ingen tvil om det! Nok eit koseleg besøk hos Tante Bruun var over og me byrja å traske bort til bilen. Så stilig arkitektur i Ålesund sentrum. Då byen brann ned i 1904, blei det bestemt at dei skulle bygge den opp igjen i Jugendstil (eller art nouveau). Så annleis enn mange andre byar i landet. Skyene byrja å bli mørkare og mørkare og me kom oss til slutt inn i bilen.

Legg igjen ein fin tanke