9. juli 2018

Rikt dyreliv på Ullandhaug


Alt ein kan sjå i nærområdet vårt. Er så glad for at me bur akkurat her. Esel, små og søte grisungar og ein flokk spurvar. Me møtte alle desse finingane på vår veg då me gjekk ein liten tur opp til Ullandhaug på torsdag. Ein del vind var det, noko ein høyrer godt på videoen, men likevel ein akkurat passe tur i solskinet. Satsar på fleire slike gode turar i nabolaget no i sommar.

Legg igjen ein fin tanke