Trur me begge to syntest det gjorde godt å flyte ein times tid på laurdag ved Jæren flytesenter. Eg skal ikkje leggje skjul på at det er mykje som skjer for tida, og det å nesten kunne vere vektlaus inne i ein tank full av vatn med 26 prosent minnersalt, er ordentleg avslappande og noko me trong akkurat no. Berre liggje der og flyte, som eg skreiv ein annan gong, er den kjensla som balsam for sjela. Og så må eg smile av den kule og søte flodhesten som står på ei lita hylla inne på toalettet.
Legg igjen ein fin tanke