14. okt. 2025

Stigande tidevatn, eller det omvendte



"Holy Island. Known to southerners as Lindisfarne." (s. 39, The Rising Tide av Ann Cleeves). Noko av grunnen til at me besøkte Northumberland i sommar, var nettopp Ann Cleeves sine bøker, og ikkje minst TV-serie, om politietterforskar Vera Stanhope. Det er ei eiga kjensle av å gå rundt og vandre, utforske og oppdage stadar som blir nemnt i bøker som ein nyleg har lese og likt godt, eller generelt bøker som stadig er favorittar. På veg over til fastlandet igjen, fekk eg eit endå tydelegare bilete av "idiotboksen", heldigvis såg me ingen der og me kom oss trygt over utan problem. 


"When the water returned, it would be an island proper again, cut off from the mainland, but the boundary between sea and land was shifting, uncertain, made up of sand and mud and dune." (s. 43, The Rising Tide av Ann Cleeves). Etter å ha vore stort sett heile dagen på Lindisfarne, hadde me ikkje så mykje meir på programmet, men me tok oss tid til å så vidt stikke innom kystlandsbyen Alnmouth. Ei roleg, lita stund, å berre stå eit par minutt og kikke ned på stranda.
 




Sidan me var der litt seint på dagen, var det meste stengt, men likevel fint å traske langs dei koselege gatene. Gamle hus, flotte dører og fargerike blomar møtte oss og til slutt ein avslappa kveld. 

Legg igjen ein fin tanke