Øya Lindisfarne blir også kalla Holy Island, derav tittelen, om du lurte. Etter å ha gått langs Hadrian's Wall, køyrde me vidare nord i Northumberland, og dei neste tre nettene overnatta me i nærleiken av Alnmouth (joda, eg kjem til å leggje ut eit innlegg også om denne overnattingsplassen, berre vent og sjå). 23. juli tok me leigebilen og køyrde til Lindisfarne. Det som er spesielt med denne øya, er at ein berre kan køyre dit når det er lavvatn, og det er ei unik oppleving å køyre på ein veg som ein veit blir dekka av vatn når det er flo. Midtvegs på "causewayen" er det ei redningsbu, også kalla "idiot box" – heldigvis trong me ikkje å bruke den! Vel framme på øya, var det tydelege varselskilt om å sjekke tidvasstabellane slik at ein er sikker på å ikkje få trøbbel. Og angåande skilt: ser du det gamle skiltet som går i eitt med både huset, asfalten og steingjerdet?!
Vegen var oversvømd i fleire timar, noko som vil seie at det ikkje var trygt å køyre verken den eine eller den vegen mellom kl. 12:20 og 17:40 akkurat denne onsdagen. Me stressa ikkje med å køyre grytidleg om morgonen, med andre ord var me der midt på dagen, og hadde dimed fleire timar til å utforske øya. Klosterruinane var det fyrste me titta på. Det var St. Aidan som grunnla klosteret omtrent i år 635 på forespørsel frå kong Oswald av Northumbria, og det blei eit midtpunkt for kristninga av det nordlege England. Dua i den eine vindaugsopninga fanga blikket mitt.
Klosterruinane var berre det fyrste stoppet på øya, men sidan dette var ein av dagane der eg tok flest bilete (kremt), vel eg å dele øyturen i fleire bloggpostar. Me hadde som nemnt god tid, og det var kjekt å traske rundt og stadig få auge på nye fotomotiv. Altså, dei fargerike markblomane rundt klosterruinane, var noko av det eg oppdaga som fekk meg til å stoppe opp ein augneblink.


Legg igjen ein fin tanke