20. okt. 2025

Konfirmasjon seint på året





Festdekka bord, festkledde folk og festmat til kvar ein smak, eit par talar og nokre songar. På laurdag var me i konfirmasjon til nevøen vår på Langhus. Me var rett over tjue personar som var samla for å feire konfirmanten, og det var koselege timar i lag med slekt og kjentfolk.  
 




Bunadar møtast jo ofte i konfirmasjon, og det var ein Grafferbunad og to Ørskogbunadar (ganske stilig at mønsteret til sistnemnde kjem frå garden der mannen min vaks opp). Ingen skulle gå svoltne frå festen, det var absolutt nok kaker, med andre ord ;) Litt kaldt å stå ute og posere i finstasen, men ingen konfirmasjon utan eit par bilete av at me faktisk hadde på oss våre fineste klede, tihi! Alltid like store glis sjølv om den eine synest det er meir gøy å bli tatt bilete av enn den andre. Etter festen, køyrde me eit lite stykke før me tok Bastøyferja mellom Moss og Horten, for me skulle overnatte hos tanta mi i Åsgårdstrand. Ein koseleg dag avslutta med ein like hyggeleg kveld!

Legg igjen ein fin tanke