10. okt. 2025

Sluttar aldri å ta pusten frå meg 🌄





Kveldslyset gjennom skyene for to dagar sidan. Denne utsikta sluttar aldri å ta pusten frå meg! No når det bøttar ned ute, er eg litt ekstra takksam for at me i alle fall fekk ein slik kveld der solnedgangen var eit magisk skode. Og med sauane i nærleiken, var det eit ekte vestlandsk motiv.
 



Til og med på ein nokså grå tysdagskveld, fekk me eit lite glimt av sola som var på veg ned. Ikkje like sterkt som dagen etterpå, men likevel nok til å at eg måtte ut eit par gongar for å nyte nettopp det lille glimtet av oktoberkveldslyset. Takk for at de framleis er her, fjella, fjorden og solnedgangen ♥

Legg igjen ein fin tanke