15. okt. 2025

Brukt'n








Akkurat ei veke sidan eg tok desse bileta. Kvar onsdag og laurdag er det nemleg mogleg å besøke bruktbutikken på Kyrkjetorget, og sjølv om målet ikkje naudsynt er å finne noko, er det ingen tur til svigers utan ein tur på "brukt'n". Me står jo midt i ein flytteprosess og prøver heile vegen å sjå over det me pakkar ned, leggje bort både små og store ting og gi dei til loppemarknad eller liknande. Difor var me i år kansje litt ekstra strenge med oss sjølve med tanke på om me verkeleg fann noko som kunne bli med heim. Det blei det ikkje denne gongen, men det var no likevel mykje kjekt, fint, rart og artig å sjå på. Elvira-serviset frå Figgjo var noko eg verkeleg la merke til, og så var det morosamt å sjå gamle, slitte stolar med lapp på der det stod at desse kjem frå møterommet i utanriksdepartementet i tidsrommet 1880-1920. Såg ikkje det fine kaffiserviset eg har sett der år etter år, så kanskje har det funne ein ny heim sidan i fjor?! Bøker i alle sjangrar, eldre kjøkkenreiskap og notestativ med gamle notar rett ved pianoet, her er det absolutt noko for alle!

Legg igjen ein fin tanke