17. okt. 2025

Køyretur her om dagen







Til og med i tåke og regnvêr, kan Vestlandet vere så fint no om hausten. For dei som har lese denne bloggen ei stund, er det inga hemmelegheit at eg er utruleg glad i alle fargane som finst på denne tida av året. Eg er ikkje glad i haustens mørke, alt regnet og kulda som etter kvart kjem sigande, men fargane løftar det heile ganske mange hakk. Alle dei oransje, gule og gylne fargane, eg prøvde å knipse i veg gjennom bilruta så godt eg berre kunne. Sidan me skulle overnatte på Voss, køyrde me denne gongen gjennom Lærdalstunnelen, og lyset der er like blått og rått enno.








Heldigvis, på den siste feriedagen titta sola fram, og den følgde oss frå Voss og heilt fram til Stavanger. Det var nesten slik at eg ropte då sola skein inn gjennom bilruta. Ute var det fjell, dalar og blikkstille vatn så langt auga kunne sjå. Fossar rann store og sterke, og me måtte stoppe litt ved Låtefossen sjølv om me har sett den fleire gongar, for lyset der var heilt magisk denne sundagen.

Legg igjen ein fin tanke